Steinvik Fiskefarm
Eit familieeigd selskap som driv med oppdrett av laks, aure og rensefisk. Eigerane i Steinvik har alltid vore framoverlente med tankar om å kontinuerleg utvikle bedrifta.
Utviklinga har vore fokusert på drift, men også på å ta del i andre selskap som er viktig for verdikjeda som gir fordelar og viktige støttefunksjonar. Det viktigaste for Steinvik er fisk og folk.
Når både fisken og folka har det bra, legg dette grunnlaget for å drive godt og ikkje minst oppretthalde liv i distrikta der Steinvik har sin aktivitet.
Kort om selskapet
Steinvik Fiskefarm vart stifta i 1986 av far og son, Inge Helge og Alex Vassbotten. Satsinga på laks, den gong laksesmolt, kom nokre år før når Inge Helge såg at lakseoppdrett var noko som kunne komme godt med som ei attåtnæring i tillegg til gardsdrifta på Steinvik.
Inge Helge, som vaks opp på gard i Steinvika, var vane med å hauste frå sjøen der han tok med seg viktig kunnskap i oppstarten med oppdrett av laks. Steinvik fekk sin fyrste matfiskkonsesjon i 1986 og derav blei Steinvik Fiskefarm blei stifta. Saman satsa Alex og Inge Helge med framtidstru på at dette skulle bli ei næring ein kunne leve av.
Frå starten på 80-tallet til i dag har dei lagt stein for stein med både oppturar og nedturar. I dag har Steinvik Fiskefarm 6 matkonsesjonar og ein visningskonsesjon som blir drifta på 9 lokalitetar i Kinn og Askvoll Kommune.
Steinvik har vore med å etablere fleire selskap som dei er medeigar i. Selskapa er ein viktig del av verdikjeda for konsernet. Desse selskapa er blant anna Barlindbotn Settefisk, Steinvik Rensefisk, Aqua Dykk, Godfisken og Seaborn.
I Steinvik Fiskefarm blir det årleg produsert ca. 8000 tonn laks. I konsernet inkludert matfisk, settefisk og rensefisk, er det i overkant av 60 tilsette.
Steinvik Har hovudsete på Steinvika i Kinn Kommune.