Nesfossen Smolt

 

Nesfossen Smolt, som ligg fint til ved Lurefjorden på Hundvin i Alver kommune i Nordhordland, vart etablert i 1985, og fekk konsesjon for settefiskproduksjon i 1986.

Kort om selskapet

Nesfossen Smolt produserer ca. tre-fire millionar lakseyngel og laksesmolt årleg og har elleve fast tilsette, med lang erfaring innan fiskeoppdrett. Selskapet er sertifisert etter den viktige internasjonale kvalitetsstandarden Global G.A.P.

Bedrifta jaktar stadig på forbetringar og nye moglegheiter som kan bidra til minst mogleg negativ påverknad av natur og miljø, og mest mogleg berekraftig drift.

Anlegget har eige klekkeri og startfôringsavdeling inne, og til saman 40 kar i påvekstavdelinga ute. Alt er forsynt med elektrisk straum frå fornybar/CO2-fri kraftproduksjon.

Som medeigar i nettverksorganisasjonen Salmon Group, bidrar Nesfossen Smolt til at det vert utvikla og brukt fôr med berekraftige ingrediensar.

Les meir om Nesfossen Smolt på deira heimeside. 

Nesfossen Smolt

5956 HUNDVIN
tlf 56 34 24 00
post@nesfossen.no