Lingalaks
Lingalaks driv med matfiskproduksjon under naturlege ideelle forhold i Hardanger og Nordhordaland gjennom lokal kunnskap og erfaring.
Kort om selskapet
Lingalaks AS driv matfiskproduksjon i sjø, og har sin produksjon i Kvam herad, Kvinnherad kommune og Radøy kommune. Gjennom fleire generasjonar har eigarane og medarbeidarane opparbeidd seg unik kunnskap om lokalt miljø og klima. Dette gjev store fordelar når det gjeld berekraftig og miljøretta drift.
Lingalaks har ti konsesjonar og to visningskonsesjonar. Selskapet har hovedkontor i Hardanger, og eige slakteri saman med andre lokale matfiskprodusentar.
Les meir om Lingalaks på deira heimeside