Langøylaks

I 1980 vart Langøylaks AS starta av syskenborna Karsten og Arne Møgster med lokaliteten Langøy i Langøysundet.

 

No produserer selskapet økologisk laks i havgapet kring Møkstrafjorden i Austevoll kommune på lokalitetane Eidholmen, Kviksholmen og Kalsøyflu. Laksen har god plass og et fôr med betydeleg redusert miljøavtrykk.

Kort om selskapet

Langøylaks, Troland Lakseoppdrett og Austevoll Me-Laks driv og samdrift på lokalitetane Bleket og Skippardalsneset i området kring Nordfjord.

Arbeidslaget vårt, som og er naboane og venane våre, jobbar godt saman og bryr seg om kvarandre, om fisken og miljøet for å levera eit kvalitetsprodukt til deg og meg. Langøylakslaget er stolt av matfisken me produserer og ser verdien av godt samarbeid og av å spela kvarandre god, at me gjer ting skikkeleg og at me bryr oss.

Slik kan me produsera ein laks som smakar godt og gjer godt, samtidig som me representerer ansvarleg matproduksjon og skapar verdiar i kystsamfunna våre.

Langøylaks

5387 Møkster | Møkster 53 A
tlf 959 40 820

Kontakt

5387 Møkster | Møkster 53 A
tlf 959 40 820