Fylkesnes Fisk

Fylkesnes Fisk er eit familieselskap som har tre konsesjonar for oppdrett av laks. Det starta i det små heilt tilbake i 1964. Etter nokre år blei drifta lagt ned, men i 1985 starta me opp att. I dag er selskapet drive av andre generasjon oppdrettarar på fem lokalitetar i Bømlo, Fitjar og Kvinnherad kommunar.

Kort om selskapet

Fylkesnes Fisk legg vekt på kvalitet i alle ledd av produksjonen. Målet er å produsera kvalitetslaks av beste sort. For å oppnå dette er det viktig med god fiskevelferd. Fylkesnes Fisk har gjennom åra teke del i mange forskningsprosjekt for å utvikla norsk lakseoppdrett vidare. Utfordringa er å driva lakseoppdrett så berekraftig som mogleg.

I Fylkesnes Fisk legg dei også stor vekt på at anlegg og utstyr skal vera robust og skikkeleg. Godt og førebyggande vedlikehald er viktig og forhindrar uhell, ulykker og rømming.

Alle deira lokalitetar er sertifisert etter den strenge Global G.A.P.-standarden. Dette er ein standard som har ei heilskapleg tilnærming til mattryggleik, fiskehelse- og velferd, miljømessig berekraft og biologisk mangfald, produksjonsprosessar, openheit og rettigheitar for tilsette. Selskapet har eige mobilt slakteri som kan berga svak fisk som ikkje toler transport med brønnbåt. Dette oppfyller også krava i Global G.A.P.

Visjonen til Fylkesnes Fisk er at selskapet skal vere leverandør av kvalitetsfisk frå Vestlandet.