Fremskridt Laks
Fremskridt Laks produserer laks i sjø på Bømlo i Sunnhordland.
Historia til selskapet strekkjer seg frå 1915 og fram til i dag, med starten som Handelsforeninga Fremskridt på Alvsvåg, til i dag der dei har hovudvekt på oppdrett av laks i sjø.
Kjerneverksemda til Fremskridt Laks er oppdrett av laks i sjø, det vil seie frå dagen fisken vert sett i sjøen på ein av lokalitetane deira til dagen dei leverer til slakt. Kjernen i alt selskapet gjer, er laksen og at den har det bra!
