E. Karstensen Fiskeoppdrett

Familien Karstensen har drive oppdrett sidan 1971 og var mellom dei første som sette ut laks i sjøen. E. Karstensen Fiskeoppdrett er lokalisert på Fanøy i Kinn kommune. I dag er det sønene Geir og Nils Tore som eig selskapet. Dei har teke utdanning innan akvakultur og arbeider med oppdrett på heiltid. Neste generasjon deltek og aktivt i arbeidet.

Kort om selskapet

Eventyret starta då telefonen vart automatisert og Erling Karstensen måtte slutte som telefonstyrar i Batalden. Familien hadde også ansvaret for Posten og båtekspedisjonen. Erling Karstensen ville finne på noko anna. Han var glødande interessert i fiskeoppdrett, i ei tid då ikkje alle hadde trua på dette.

Erling arbeidde dag og natt og laga det meste sjølv. Det starta med eit flytane anlegg av trykkimpregnert materiale og isopor. Seinare bygde han eit landfast anlegg av jernbaneskjener som nøtene hang mellom. Det vart kjøpt eit fryseri i Vesterålen som han flytta og sette opp på Fanøy i Batalden, og i tillegg bygde han våtfôrkjøkken.

Erling Karstensen vart med det ein av pionerane i denne næringa i Sogn og Fjordane. I 1983 – då han var i ferd med å kjøpe nytt anlegg – døydde Erling Karstensen. Kona Borghild og sønene Ståle, Geir og Nils Tore stod att med ansvaret for selskap, fisk og anlegg. Familien slakta oppdrettsfisken på eige slakteri fram til 1988.

Selskapet har i dag to matfiskkonsesjoner og produserer laks i samdrift med Marø Havbruk sine to konsesjoner. Produksjonen foregår i skjærgården rundt Florø, med lokaliteter ved Batalden, Hovden og Svanøy.

Dagens drift er moderne med bruk av flåte, store merdar, data, lusebekjempelse med laserstråler og kameraovervaking. Dei første pionerane i Norge som starta med kommersiell fiskeoppdrett har vore med på ei eventyrleg utvikling. No opplever dei at næringa har vakse til å bli ei av dei viktigaste eksportnæringane Norge har.

Les meir om E.Karstensen Fiskeoppdrett på deira heimeside. 

E. Karstensen Fiskeoppdrett

6917 Batalden
tlf 57 20 05 25
post@karstensen.no