Blom Fiskeoppdrett

Familiebedrifta Blom Fiskeoppdrett AS vart stifta i 1971 av oppdrettsveteranen Andreas Blom; som var ein av pionerane innan oppdrett av laks og ørret i Norge. Selskapet blir no drive av andre og tredje generasjon.

Kort om selskapet

Hovudkontoret til Blom Fiskeoppdrett er i Blomvågen i Øygarden kommune, vest i havgapet, utanfor Bergen. Selskapet disponerer 7 matfiskkonsesjoner for laks og aure, samt ein visningskonsesjon. Dette er spredt ut på lokalitetar i Måløy, Radøy, Meland, Fensfjorden og Øygarden.

Dei har også tre settefiskkonsesjonar gjennom selskapet Blom Settefisk AS.
Frå Måløy i nord, til Skålvik i sør, er dei i dag litt under 60 tilsette i konsernet.

Som familiebedrift er Blom Fiskeoppdrett langsiktig i all sin tenking og handling, og er derfor opptatt av å vere ein bidragsyter i lokalsamfunnet, gjennom arbeidsplassar, verdiskaping og aktivitet. Selskapet skal utviklast og drivast til nytte for lokalsamfunn, tilsette og eigarane. Selskapet skal på den måten vere ein plogspiss innanfor marin næring lokalt i Øygarden og alle dei andre kommunene bedrifta har aktivitet i. Blom Fiskeoppdrett legg vekt på å legge igjen mest mogleg i lokalsamfunnet.

Blom Fiskeoppdrett kan du lese mer om her!

Blom Fiskeoppdrett

5337 Rong
tlf 56 38 50 60
post@blomsea.no