Kampanje mot plast i havet!

Denne veka går Salmon Group i gong med ein kampanje mot plast i havet! Kampanjen skal i første omgang vare i 52 veker og skal sette fokus på å plukke opp plasten ein ser FØR den havner i sjøen.

Formålet med kampanjen er å bidra til ei haldningsendring og bevisstgjering rundt det å få folk til å orke og plukke opp plast ein ser når ein er ute.

Det er jo fort gjort å tenke at «nokon andre tar det».

Kvifor skal vi bry oss om å plukke opp plasten vi ser på gata, i parken, i turstien og på strendene våre? Jo, fordi det som kan virke som ein liten innsats på individnivå, har ein enorm betydning for heile planeten! Om du trenger nokon gode grunner til å plukke opp plastbiten du ser ligge foran deg på veg til jobb, kan du fortsette å lese.

🌏 Først og fremst, plasten vi etterlet oss, forsvinner ikkje. Den brytast ned i mindre biter over tid, men den forsvinn aldri heilt. Den blir til mikroplast, som til slutt havner i havet, forurenser økosystema våre, som igjen skader dyrelivet som er avhengig av havet.

🦀 Havskilpadder som feilaktig ete plastposer i staden for maneter. Fisk som symjer rundt i ein giftig sopp av mikroplast. Det er ikkje ei slik verd vi ønsker å etterlate oss for framtidige generasjoner.

💔 Dette kan vi forhindre! Vi kan alle ta små skritt for å plukke opp plasten vi ser, og det er langt frå meiningslaust. Kvar plastflaske, kvar søppelpose, kvar plastbit som plukkast opp, er ei handling som viser at vi bryr oss om det fantastiske mangfoldet av liv som eksisterer i havet og ikkje minst helsa til vår eigen planet. Det er på tide å handle.

👐 Så neste gong du ser ei plastflaske på gata eller ein plastpose på stranda, ikkje ignorer den. Plukk den opp! Du vil ikkje berre gjere ein forskjell for livet i havet, men også inspirere andre rundt til å gjere det samme. Saman kan vi bidra til ei haldningsendring og for forhåpentligvis skape ei bølge av forandring kor vi tek bedre vare på livet i havet – ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt.

Konkurranse kvar veke på Facebook

For å få til ei slik haldningsendring må ein fort friste med ei gulrot i byrjinga, så derfor går vi i gong med ein konkurranse på Facebook – kor ein kvar veke kan vere med i trekninga om å vinne premier med meining. Deltek du i konkurransen har du mogleheit til å vinne ein redningsvest i frå Redningsselskapet og eit armbånd laga av plastavfall frå 4Ocean.

Foto: Redningsselskapet

Vi ønsker å rette eit fokus på Redningsselskapet og innsatsen dei gjer for at vi føler oss trygge på havet. Dei spelar også ei viktig rolle for våre aksjonærer, som bruker mykje av sin arbeidsdag på sjøen i all slags vær.

Denne kampanjen skal i første omgang vare i 52 veker. Då kan vi bidra til at 52 stykker føler seg tryggare på havet med denne redningsvesten. Målet er å auke bevisstheita rundt plast som havner i havet, og samtidig hindre ulykker på sjøen.

Inne på Facebooksida til Salmon Group kan du følge med på og delta på konkurransen, og få meir informasjon om kampanjen utover hausten!

 

Kven er 4Ocean?

4Ocean er eit av dei einaste selskapa i verda som direkte administrerer ein global havoppryddingsoperasjon og tilsetter profesjonelle, heiltidsansatte kapteiner og mannskap for å gjenvinne plast og anna skadelege restar frå verdas hav, elver og kystlinjer – sju dager i veka.

For kvart armbånd som blir kjøpt blir det fjerna 2,3 kilo søppel frå verdas hav, elver og kystlinjer.

Foto: Salmon Group

Selskapa i Salmon Group-nettverket kjøper inn varer i frå heile verda. Fôret som vi bruker enorme mengder av, treng råvarer som produserast ulike plasser på kloden. Då har vi også eit ansvar for naturen utanfor våre eigne landegrenser – derfor er det fint å kunne støte arbeidet til 4Ocean, og bidra til at dei får rydda mest mogleg!

For meir informasjon om kampanjen ta kontakt med kommunikasjonsrådgiver, Hanna Rørtveit.

 

 

Kommunikasjonsrådgiver

Hanna Dåvøy Rørtveit

Les mer
Hanna Dåvøy Rørtveit er kommunikasjonsrådgiver i Salmon Group. Hanna har en bachelorgrad i journalistikk i fra Høgskulen i Volda og en mastergrad i strategisk kommunikasjon fra Høyskolen Kristiania. Hun kommer fra stillingen som fungerende kommunikasjonssjef i Sjømat Norge, der hun også tidligere har vært juniorrådgiver og hatt internship. Gjennom Sjømat Norge jobbet Hanna blant annet med prosjektet «Next Generation Seafood», et kommunikasjonsprosjekt som fokuserer på hvordan vi som sjømatnæring skal kommunisere for å løfte både omdømme og attraktivitet blant de yngre generasjonene som er på vei opp og frem. Hun har vokst opp med havbruk og har et brennende engasjement for sjømatnæringen!
SE FLERE NYHETER