Nyttårsmøtet 2019

Fylkesordføraren inviterer til nyttårsmøte der styrke i samspel er tema. Konflikt kan få deg i gang – samspel får deg i mål. Salmon Group deltar!

Har du opplevd at utviklingsprosessar strandar, og at spennande prosjekt eller utbyggingsplanar aldri blir realisert? Leiarskap og det å få sentrale personar og miljø til å spele saman er avgjerande for å lykkast.

Vi skal saman bygge det nye Vestland. Det avheng av at vi spelar kvarandre gode. Godt samspel bygger på tillitsfulle relasjonar mellom menneske. Dei kan ikkje vedtakast, dei må byggjast.

Høyr sentrale politikarar, næringslivsleiarar og leiarar frå organisasjonar fortelje om korleis dei har lykkast med krevjande samspelsprosessar med ønska utvikling som mål.

Nyttårsmøtet har etablert seg som ein viktig møteplass i starten av eit nytt år, der deltakarane set dagsorden og felles ambisjonar for det nye året. På samlinga kjem òg deltakarar frå nabofylka på Vestlandet, spesielt i år frå Sogn og Fjordane.

Merk at arrangementet er lukka. For å melde deg på, må du ha mottatt invitasjon.

SE FLERE ARRANGEMENT