Søk i arkivet

Ledig stilling: Driftsoperatør / Røkter

Publisert 19. september 2017

Sande Settefisk AS, søkjer etter driftsoperatør/røktar med teknisk kompetanse til sitt settefiskanlegg på Rygg i Gloppen Kommune.

 

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Dagleg drift og røkting i anlegget, inkludert sortering, vaksinering og levering av smolt
  • Dagleg ettersyn og vedlikehald av teknisk produksjonsutstyr
  • Oppfølging av kvalitet m.o.t myndigheitskrav og kvalitetssystem
  • Journalføring og rapportering i verksemda sitt produksjons- og internkontrollsystem
  • Delta i vaktordning (responstid 20 minutt frå anlegget)
  • Andre arbeidsoppgåver som kjem til
  • Opplæring blir gjeve

Følgjande kvalifikasjonar blir vektlagt:

  • Teknisk kompetanse
  • Relevant utdanning og erfaring innan akvakultur
  • Fagbrev i akvakultur
  • Gode samarbeidsevner, ryddig og nøyaktig
  • Evne til å arbeide systematisk og målretta
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og takle ansvar

Vi kan tilby:

  • Lønn etter avtale og kvalifikasjonar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Kurs og kompetanseheving
  • Gode fritidsmoglegheiter i nærmiljøet og tettstaden Sandane

Søknadsfrist: 16.10.2017. Skriftleg søknad stilast til: sande@hyen.no.

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til dagleg leiar Åsmund Ommedal, tlf. 40029245 eller driftsleiar Tom Wilke, tlf. 977 52 418.

Sande Settefisk AS held til på Rygg i Gloppen kommune i Nordfjord. Her har vi konsesjon på 1 million fisk av laks og regnbogeaure som vi leverer til kundar langs vestlandskysten. På Sande Settefisk har vi tilsette med opp til 30 års erfaring og høgare utdanning innan akvakultur fordelt på 6 tilsette. Anlegget har også ein lærling i sin stab. Sande Settefisk AS har sidan 1993 vore dotterselskap til Hyen Fisk AS. Selskapet er også medlem av Salmon Group. Anlegget er GlobalG.A.P sertifisert.

Les mer om Sande Settefisk her.

Nordfjord Laks søkjer; Driftsteknikar/ Røktar frå 1. desember 2017

Publisert 26. mai 2017

Nordfjord Laks AS  driv matfiskoppdrett med 2 konsesjonar  i Gloppen i Sogn og Fjordane.

Vi har pr i dag 6 tilsette, og ein produksjon på vel 2000 tonn laks og aure årleg.

Heimeside: http://hyen.no/nordfjord-laks-as/

SØKJER ETTER DRIFTSTEKNIKAR/ RØKTAR FRÅ 1.DES 2017

Vi er primært ute etter medarbeidar som i tillegg til å meistre båtar, utstyr og praktiske arbeidsoppgåver også  har erfaring og interesse for kvalitetsikring , IKT og produksjonsstyring.

Viktigaste arbeidsoppgåve er:
– Berekraftig produksjon av sunn mat og å kunne dokumentere dette
– Fôring, kontroll og ettersyn av laks
– Kontroll og vedlikehold av teknisk utstyr, anlegg og kvalitetssystema.

Som driftsteknikar/røktar må du:
– Like Ã¥ arbeide ute heile året i all slags ver
– Meistre bruk av båtar og utstyr
– Kunne arbeide sjølvstendig og vere handlekraftig
– Vere løysningsorientert

For personar som ikkje har erfaring frå oppdrettsnæringa vil opplæring bli gjennomført.

Opplysningar om stillinga: Inge Kandal  epost: inkan@hyen.no

Mob 99454240

Adresse: Nordfjord Laks AS, Kleppenes, 6829 Hyen.