Om oss

Saman om det viktigaste

Salmon Group er eit nettverk for lokaleigde oppdrettsselskap. Med base i Bergen, Norge, yter vi service for våre 46 aksjonærar, som tilsaman disponerar 115 konsesjonar for oppdrett av laks og ørret langs norskekysten, og produserer omlag 50 millionar smolt.

Saman med våre eigarar forhandlar vi om fôr, vaksiner, forsikringar og andre fellesløysingar som den enkelte oppdrettar kan nyte godt av. I våre forhandlingar har vi fokus på forutsigbarheit, og at vi skal oppretthalde ”Salmon Group-kvaliteten” på fisken som blir produsert. Ved å bruke dei beste innsatsfaktorar, er dette ein kvalitet som innebære ein spesielt næringsrik og god fisk, anvendelig i alle nisjer av marknaden. Våre kundar etterspør Salmon Group-kvaliteten hos fiskeeksportørane.

Salmon Group er ein aktiv part i havbruksnæringas viktige spørsmål. Vi følgjer med på utviklinga, og søkjer å vere i forkant av dei krava vi stillast overfor. Saman med våre eigarar ute på den enkelte lokaliteten, målar vi våre resultat opp mot det som krevst av marknadane ute i verda.

Hovudkontoret til Salmon Group fungerar som eit bindeledd og servicekontor for eigarane. Vi tek fatt i dei utfordringar som måtte oppstå, og hjelper den enkelte til å kome fram til den beste løysinga for si bedrift. Vi inngår felles avtalar, men opprettheld prinsippa om valfridom. Dermed får ein både stordriftsfordelar, og individuell tilpassingsevne. Dette styrkar våre oppdrettarar i konkurransen med store, sentralstyrte aktørar.