Søk i arkivet

Salmon Group har tilsett samfunnskontakt

Nils Aadland

Salmon Group har tilsett Nils Aadland som vår samfunnskontakt, ei nyoppretta stilling som vil styrke arbeidet vårt politisk og samfunnsmessig. 

-Vi er veldig glade for å ha fått Nils Aadland om bord som samfunnskontakt. Aadland er ein erfaren mann med både teknisk og kommersiell bakgrunn. Han har og jobba mykje med bærekraftige løysingar for framtida, og det er noko vår industri har topp fokus på, seier styreleiar Erik Osland.

Nils Aadland er har erfaring frå politikk og næringsliv, både marin og maritim industri. Han kjem no frå ei stilling som prosjektleiar i NCE Maritime Clean Tech. Han er utdanna bedriftsøkonom frå BI.

Nils Aadland vil ta til i jobben 1. juni.

Tekst: Øyvind Kråkås