Søk i arkivet

Kjende fjes i nytt nettmagasin

Gro Tveit SveenI nettmagasinet #utanfilter publisert av organisasjonen “Framtidsfylket” i Sogn og Fjordane, kan du lese om Gro Tveit Sveen, Ola Braanaas og Jan Brekke.

Magasinet tek føre seg gründerar og bedriftsleiarar i Sogn og Fjordane, og dei tre frå havbruk er intervjua om bakgrunn, trivsel og motivasjon.

I artikkelen om Gro Tveit Sven heiter det mellom anna;

Gro og søstera Silje er oppvaksne på mærkanten. Dei er medeigarar i familiebedrifta Marø Havbruk, som er eit av dei få lokaleigde oppdrettselskapa som er igjen i Norge. Foreldra hennar starta med lakseoppdrett på Svanøy på 80-talet, deretter var dei med å opprette foredlingsverksemda Svanøy Røykeri i 1992. I 2005 vart dei andre aksjonærane kjøpt ut, så no er begge verksemdene reine familieverksemder. Ei historie Sveen er stolt av.

Les magasinet her