Søk i arkivet

Forsvarslaus

«Der finst eit mål, men der finst ingen veg dit», forklarte ein litteraturprofessor meg ein gong, om Franz Kafka sin roman «Slottet». Den kjensla har Øyvind Blom og verksemda hans verkeleg fått føle på i lokalitetsstriden i Nordhordland.

Forsvaret har bestemt at anlegget til Blom fiskeoppdrett ligg i ei sone der forsvarsmessige omsyn tilseier at dei ikkje kan bli og utvikle seg. Staten seier at Blom fiskeoppdrett må flytte anlegget. Blom vil flytte anlegget. Kommunen vil at Blom skal få flytte anlegget til ein annan lokalitet utanfor sonen, men i same kommune.

Fylkesmannen i Hordaland nektar. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane nektar. Staten seier at Blom kan pakke seg ut av den militære sonen fordi kommunen har lagt til rette for ein annan lokalitet. Men statens menn på Vestlandet seier at dei ikkje får ta i bruk denne lokaliteten.

Då er det ikkje rart at Øyvind Blom føler seg ein smule forsvarslaus, når han blir jaga frå ein plass, til ein plass der han heller ikkje får lov å vere. Slik kan det ikkje vere, ikkje ein gong for lakseoppdrettarar. Blom Fiskeoppdrett si sak er prinsipielt viktig, ikkje berre for laksenæringa, men for alle som har avtale om å låne eit sjøareal.

Les sak på iLaks

Tekst: Øyvind Kråkås