Søk i arkivet

Endre Rundhovde har gått bort

Det er med stor respekt og takksemd vi minnast oppdrettspionèren Endre Rundhovde, som gjekk bort 28. mars, 92 år gamal.

Endre Rundhovde var mellom dei verkelege pionèrane i norsk oppdrettsnæring. I høve 90 årsdagen hans i 2015 vitja eg han på Osterøytunet saman med min kollega Arild Hagenes, som hadde jobba for Rundhovde, og hadde god kontakt med han livet ut. Her er skildringa etter besøket;

Det var i 1953 at ostringen Endre Rundhovde byrja med oppdrett av aure i heimtraktene. Han var van med å drive næring, med bakgrunn frå garveridrifta familien var involvert i. Men fiskeoppdrett var noko heilt nytt og annleis. Dette skulle bli hans livsoppgåve.

Etter kvart utvikla det forsøksvise seg til å bli storskala. Rundhovde dreiv fiskeoppdrett vidt omkring. Han dreiv med fisk i alle fasar, både laks og aure. Allereie frå garveriverksemda hadde han eit internasjonalt nettverk, og han snakka fleire språk flytande. Frå kontoret på Valestrandsfossen, «byrået», snakka han med det store utlandet.

DiplomEndre Rundhovde si historie er klassikaren om pioneren sitt vågemot, innsatsvilje, vekst og fall. Om bitter kamp for å sikre sine rettar, og nederlag mot overmakta. Det er historia om korleis norsk oppdrettsnæring gjekk frå å vere enkeltmenneske sine dristige forsøk, til å bli stor produksjon. Det var arbeidet, vitelyst og ynskje om å skape som sette fart i norsk lakseoppdrett, ikkje innfløkte finansielle instrument eller politisk velvilje.

For Rundhovde er engasjementet for fiskeoppdrett noko som blir med han livet ut. Han ynskjer å setje ut fisk i tyske elvar, slik at dei kan bli reinare. «Når eg berre kjem meg i gang att», seier han frå rommet sitt på kvileheimen Osterøytunet. Han har viljen til ein som aldri gir opp, og du kan føle karakteren og intensiteten hos han framleis. Handtrykket er fast, blikket viker ikkje.

På veggen heng ein kalender med vakre bilete frå Osterøy. På baksida er der eit kart. Han syner meg kvar han hadde anlegga sine. Han vil at eg skal få med meg kalenderen. Eg prøver å seie at den må han ha sjølv. «Om eg har sagt at du skal få han, blir det slik», seier han.

Eg er personleg svært takksam for at Endre Rundhovde tok imot oss og delte si innsikt, sine erfaringar og sitt engasjement. Ei heil næring haustar i dag frå hans arbeid.

Endre Rundhovde vert lagt til kvile frå Hamre Kyrkje 4. april kl. 13.00.

Tekst: Øyvind Kråkås