Salmon Group har tilsett ny administrerande direktør

Anne-Kristine ØenSalmon Group er svært nøgde med å kunne presentere Anne-Kristine Øen som vår nye administrerande direktør. Ho vil tiltre stillinga 1. mai.

-Vi har hatt ein god og grundig prosess fram mot denne avgjerda, og er svært nøgde med at Anne-Kristine har takka ja til oppgåva, seier styreleiar Erik Osland.

Ho har lang og brei erfaring både frå næringa og med nettverksarbeid, og kjem frå stillinga som leiar for Maritimt Forum Bergen. Før det var ho kommunikasjonssjef i Marine Harvest.

-Styret i Salmon Group har vektlagt Anne-Kristine Øen sin entusiasme, kunnskap og erfaring når vi har valt ho som vår neste leiar. Vi er trygge på at ho blir godt motteken av aksjonærane i netverket, seier Osland,