Oppdatering frå Team Gla’laks

Team Gla'laksSalmon Group er mellom støttespelarane til skiskyttarungdomane i Team Gla’laks. Her kan du lese oppdateringar på teamet sine prestasjonar.

-Ragnhild Femsteinevik gjorde det så bra i IBU cup (Europa cup) i slutten av november at ho vart utteken til å representere Norge og det Norske landslaget i World Cup i Østersund. Ragnhild fekk gå to løp i Østersund forrige veke og gjorde sakene sine såpass bra at ho no har fått reisa vidare til Pokljuka i Slovenia og nye World Cup renn der no til helga.

-Det er ikkje berre damene i Teamet som gjer det bra. Martin Femsteinevik går i klasse menn senior. Martin leiar norgescupen så langt og han har kvalifisert seg for IBU cup. Dei neste IBU renna går i Ridnaun i Italia no til helga. Å kome seg vidare til World Cup i klasse menn senior er særdeles vanskeleg, då må Martin opp på nivå med Ole Einar Bjørndalen og gjengen. Martin har potensiale til å nå aller høgaste nivå om han får nokre sesongar på seg.

Besøk Team Gla’laks sine heimesider