Søk i arkivet

Ny høyringsrunde om produksjonsområde

Per SandbergSalmon Group med fleire har påpeika at det føreslegne regimet med produksjonsområde og trafikklyssystem vil verke konkurransevridande. No har departementet sendt ut eit nytt forslag på ei tilleggshøyring.

Frå NFD heiter det:

Nærings- og fiskeridepartementet sende 24. juni 2016 eit forslag til nytt vekstsystem i havbruksnæringa på høyring. Forslaget innebar blant anna at eit kommersielt matfiskløyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i sjø berre kan utnyttast i det området løyva er heimehøyrande. Det blei likevel foreslått ulike alternative reglar som gir fleksibilitet utover dette, blant anna eit generelt høve til å utnytte eit løyve innanfor produksjonsområdet den tilhøyrer og eitt tilgrensande produksjonsområde.

Departementet foreslår no eit nytt alternativ som inneber eit generelt tilhøve til å utnytte eit løyve innanfor tre produksjonsområde som grensar til kvarandre, inkludert det området løyva er heimehøyrande i.

Departementet har avgjort å gjennomføre ei forkorta høyring av forslaget. Frist for å gi fråsegn er 6. januar 2017. Les og svar på høyringa her: www.regjeringen.no/id2524267

På grunn av den korte høyringsfristen vil departementet også gjennomføre eit høyringsmøte i sakas høve. Høyringsmøtet blir arrangert 5. januar kl. 12.00-13.30 i Nærings- og fiskeridepartementet sine lokale.