Julehelsing

JulKjære vener,

Eit nytt år går mot slutten, og vi ynskjer å takke dykk alle for alt vi har vore saman om i 2016.

I ei verd der mange land er splitta og herja av krig og terror, er vi heldige som lever og arbeider i det velståande og demokratiske Noreg. Men også her har mange menneske det vanskeleg. Sjølv om landet vårt har gode velferdsordningar, er det tøft å vere sjuk, utviklingshemma, arbeidslaus eller på andre måtar vere forhindra frå å ta del i arbeidslivet og sosiale godar.

Krig, ufred og mangel på demokrati gjere også til at menneske søkjer hit til oss for sin tryggleik og si framtid. Desse menneska treng å få del i vårt sosialdemokrati, ikkje minst gjennom å få delta i arbeidslivet. Fiskeri- og havbruksnæringa er viktige bidragsytarar for å få menneske frå mange ulike nasjonar til å yte saman. I mange lokalsamfunn er pakkeri og foredlingsverksemder motorar for integrering og sysselsetjing.

kina_normaliseringDen store eksporten av fisk har gjort oss til ei av landets mest internasjonale næringar, og det er vi stolte av. Gode produkt og godt marknadsarbeid har ført norsk fisk opp i verdsklasse. Marknadsadgang er viktig for oss, og der stoler vi på at styresmaktene gjere eit godt arbeid. Vi er glade for at dei diplomatiske forbindelsane til Kina no ser ut til å normalisere seg, det gir oss høve til å drive marknadsbygging i ein stor nasjon med veksande velferd og kjøpekraft.

For den norske lakseproduksjonen har 2016 vore eit år med stagnasjon i volum og svært sterke prisar på fisk til våre kundar. Vi er takksame for den store betalingsviljen som ligg i marknaden. Samstundes driv vi stadig eit arbeid for å kunne produsere meir laks og aure. Dette vil skje gjennom teknologisk nyvinning, ny kunnskap, og godt politisk og forvaltningsmessig handverk. Men i botnen ligg alltid privat risikovilje. Norsk havbruksnæring veks på at kapitaleigarar har tru på vår evne og kraft til å skape verdiar.

For oss i Salmon Group er det eit prioritert mål å gje heile kysten del i dei verdiane som vert skapt av havbruksnæringa. Vi jobbar for at våre 46 eigarar skal henge med i utviklinga å få del i veksten. Vi står for at lokalt eigarskap er ein viktig verdi å ha med vidare inn i framtida. Våre eigarar er andlet du ser att i lokalsamfunna, menneske du kan møte og slå av ein prat med, ressurspersonar som tek del i lokalmiljøet og engasjerer seg i lokal næringsutvikling.

EM i vektlyftingSalmon Group er berre eit lite kontor midt i ei stor næring. Men også vi ynskjer å vere med på dei tunge lyfta. Det synte vi også ved å vere ein viktig bidragsytar for EM i vektlyfting som i år vart arrangert i Førde i Sunnfjord. Mellom mange andre var den lokale helten Stian Grimseth ein nøkkelperson for at eit stort arrangement kunne gå av stabelen i ein liten by, midt i bygdefylket Sogn og Fjordane. Meisterskapen lærte oss mykje, ikkje berre om ein idrett som er mykje større i mange andre land enn vårt, men også om dugnadsarbeid og det å fylgje eit høgt mål. Varige venskap var knytte undervegs i dette spanande arbeidet.

Også i året som kjem vil Salmon Group markere seg i smått og stort. Vi trur på at havbruksnæringa skal halde fram med å vere viktig for nasjonen Noreg. Og vi veit at vi må jobbe kvar dag for at det skal bli slik. Stadig fleire kloke hovud må bli med på laget om vi skal kome dit vi ynskjer. Difor startar vi det nye året med å søkje etter ein ny leiar for nettverket.

JulestemningVi vil med dette takke for alt som var i året som renn ut, og ynskje dykk alle ei god og fredfull jul!

Helsing Solveig, Arild, Johnny, Nils Inge og Øyvind