Glade for patentstopp på vaksine

SolveigSalmon Group er glade for at monopolsituasjonen for PD-vaksine no går mot slutten. -Vaksinering er eit enkelt, men i dag dyrt tiltak som næringa knyter store forventningar til, seier kvalitetsleiar Solveig Willis. 

-Problemet er ikkje spesifikt knytta til PD-vaksine, men blir utløyst og visualisert fordi dette er det første produktet som nådde markedet under patentbeskyttelse. Patentet på PD-vaksina kom allerede på 90- talet, og 26 år med patentbeskyttelse har etter vårt syn vore meir til hinder for utvikling av gode, tilgjengelege vaksiner på dette agenset enn det har fremja ei slik utvikling, seier ho.

Ho meiner det er problematisk for næringa at berre ein leverandør er i posisjon til å produsere og ha inntekter på ei vaksine, spesielt sidan vaksine til laks er eit svært snevert produktområde på verdsbasis.

-For den vidare utviklinga av PD-vaksine har det vore spesielt negativt at patentperioden har blitt forlenga utover det som kan forsvarast mht inndekking av utviklingskostnader for produktet. Utvikling av virus-vaksiner er generelt krevjande og forskingsmiljøet består av få kommersielle aktørar og eit tilsvarande antal offentlige forskningsmiljø. Det er sjeldan at prototypen er ein stor suksess. PD-vaksina var ikkje noko unntak. Manglande kraft og breidde i forskninga har gjort at næringa har vore forsøkskanin for halvferdige produkt, seier Solveig Willis.

-Status er at vi fram til nylig har hatt kun ei kommersielt tilgjengeleg vaksine med kun delvis effekt, samt ei konkurrerande vaksine godkjent for feltforsøk, men utan patenthavers samtykke til sub-lisensiering. Salmon Group vil påpeike at den situasjonen vi har opplevd i forbindelse med patentering av agens og derigjennom patentering av vaksine ikkje har fremja sjukdomsbekjempelsen på Vestlandet.

Tekst: Øyvind Kråkås