Søk i arkivet

Endringar i administrasjonen i Salmon Group

Salmon Group flaggSalmon Group har denne hausten gjennomført eit stort strategiarbeid for å bu organisasjonen på framtida. Eit av grepa ein no gjere, er å gjere om på ein del stillingar internt. 

Nils Inge Hitland vil gå frå å vere dagleg leiar til å jobbe meir spesifikt med utvalde fagområde. Arbeidet med å få på plass ein ny dagleg leiar er i gang.

-Vi vil styrke nettverket og vi ynskjer å satse på ein meir heilskapleg struktur, der den enkelte medarbeidar har meir tydelege arbeidsoppgåver, seier styreleiar Erik Osland.

Nettverket har dei seinare åra opplevd stadig større forventningar frå aksjonærane om å jobbe med samfunnsmessige og politiske spørsmål. Som ein konsekvens av dette vil ein hente inn nye ressursar. Dette arbeidet er alt sett i gong og det er rekrutteringsselskapet Visindi som bidrar i denne prosessen.

Tekst: Øyvind Kråkås