Ingvar Osland fyller 60

Ingvar OslandIngvar Osland, gründer, eigar og dagleg leiar av Flokenes Fiskefarm, fyller 60 år 1. november.

Ingvar er ein aktiv, kunnskapsrik og sosial kar, og saman med Steinar Hagesæther har han drive fiskeoppdrett i Førdefjorden sidan 1984. Selskapet Flokenes Fiskefarm har i dag to konsesjonar som dei driftar på like mange lokalitetar i ytre delen av Førdefjorden i Sunnfjord. Verksemda har 7 fast tilsette.

Ingvar er ein leiar som står fram på vegne av selskapet i saker som er viktige for dei, både i media, politisk og inn mot samarbeidspartnarar og organisasjonar.

Salmon Group ynskjer Ingvar Osland hjarteleg til lukke med dagen! Vi set stor pris på å ha ein slik ressurs i vårt nettverk.

Tekst: Øyvind Kråkås

Foto: Privat