Ny animasjonsfilm skal forenkle og forbetre opplæring innan notvask

notvask1– I tråd med konklusjonane i Sintef sine rapportar om notvask og skader på not tek vi no grep og lanserar opplæringsfilm, fortel Steinar Holen dagleg leiar hos Østerbø Maskin AS, 3D-animasjonsfilmen viser korleis Østerbø Yanmar vaskaren verkar og riktige tiltak om ulike problem skulle oppstå.

Kurspakke
Filmen blir ein del av ei kurspakke som følger med alle nye notvaskarar. Filmen er viktig fordi den på ein god og lettfatteleg måte gir innsyn i vask av oppdrettsnot. Teoridelen inneheld og gjennomgang av brukarmanualar og anna som er viktig å vite før oppstart. Med i kurspakken følgjer og ein praktisk gjennomgang av vask med utstyret på kunden sin båt. – Vi vil sikre oss at alt verkar som det skal og at alle partar er nøgde, seier seljar Kim André Eide. – Dette med omsyn til HMS-krav, fiskehelse og miljø.

Film
Steinar HolenFilmen går gjennom alle fasar innan notvask: klargjering og sjekk av både vaskar og not, bruk og beste praksis, korleis takle ulike feil som kan oppstå, avslutte vasking, ettersjekk og desinfisering. Det er og laga ein kortare salsvideo som ligg tilgjengeleg på notvask.no.
Dele kunnskapen
Sintef-rapportar viser til av brukarmanualar ofte ikkje blir gjennomgått godt nok og at opplæring av vaskepersonell kan bli endå betre. Østerbø Maskin har vore involvert i notvask i samarbeid med Yanmar i snart ti år.

– Vi ynskjer å dele med kundane våre den kompetansen vi no sit på rundt beste praksis og sikker bruk, seier Holen. – Vaskaren i seg sjølv er veldig bra og sikrar effektiv og grundig vask styrt frå båten, med denne opplæringsmodulen kan vi levere ein komplett pakke for notvask.

Miljø
For bruk av denne typen utstyr er det essensielt med riktig bruk med omsyn til miljøet. Lakserømming kan vere ytterste konsekvens av alt arbeid i not. Dette kan bety både økonomiske tap og ikkje minst store miljømessige konsekvensar.

– Det er viktig for oss at operatøren er trygg på bruken. Å vaske not er ikkje noko rett fram arbeid og det er mykje å ta hensyn til. Spesielt sidan vaskaren brukast med fisk i nota og under ulike forhold langs Norskekysten, seier Eide. – Med rett og god opplæring ynskjer vi minimere risikoen for skade på miljøet.

– Som utstyrsleverandør ønskjer vi ta ansvar og tilby løysingar som sikrar trygg og sikker bruk. Det er det som ligg i slagordet vårt «Litande løysing». Vi bryr oss og stekker oss litt lenger, avsluttar Holen.

Tekst: Østerbø Maskin