Grenda der alt går an

Om du ein vinterdag tek av ved Søreide, og smyge deg opp vegen langs vatnet mot Østerbø og Sørebø, tenkjer du kanskje; «er dette rett veg?», eller du ser på istappane som heng i berget over hovudet på deg, og tenkjer; «er dette trygt?!». Om du køyrer ein stor bil, kan du lure på om der i det heile teke er råd å få snu frammi der. Men dei som drive næringsverksemd oppi denne dalen, har aldri sett seg attende.

Mellom gardsbruka under dei bratte fjella, har to verksemder teke sats og bygd seg opp til hjørnesteinar på sørsida av sørsida av Høyanger kommune. Østerbø Maskin hadde sitt utspring i maskiner og mekanisk arbeid for landbruket. I dag er dei store på havbruk, oljeservice og straumaggregat. Verksemda har satsa offensivt og omstillingsretta, men for nokre år sidan sleit dei med voksesmerter. Då kom laksemannen Erik Osland inn på laget som rydda ein veg vidare.

Nokre hundre meter lenger oppe ligg eit setjefiskanlegg som har gått vegen frå attåtnæring for tradisjonelt jordbruk, via ei rekke eigarkonstellasjonar, til i dag å vere Osland Havbruk sin topp moderne barselavdeling. Osland kjøpte setjefiskanlegget i 2011, og etter omfattande investeringar opna dei Osland Settefisk sitt nye resirkuleringsanlegg 1. juni.

Desse to verksemdene har ikkje bygd seg opp på å ha stor tilgang på folk i området, eller på å ligge sentralt til logistikkmessig. Dei har bygd på fagkunnskap, arbeidsvilje, tilpassingsevne og godt samarbeid. «Litande løysing» er slagordet til Østerbø Maskin. Du kan rekne med det som kjem frå bygda mellom fjord og fjell. Dei kan ikkje koste på seg å levere noko som ikkje helde mål.

Det er som eit prov på distrikts-Noreg si overlevingskraft og rett til å forlange respekt, å kome til desse menneska og sjå kva dei helde på med. Dei lever ikkje her på trass for naturen, men som ein medspelar. På vakre sommardagar tek dei med seg heile arbeidsstokken og klyve opp dei bratte fjellsidene, for saman å kunne nyte ei stund med utsyn over det heile.

Sognefjorden gir liv til grendene langsmed han. I den kalde djupe fjorden skal smolten frå Sørebø vakse seg stor. Litt lenger inne hentar Sogn Aqua vatn frå djupet for å avle fram kveite i kar på land. Eit gamalt jordbrukslandskap får nytt liv, ein ny art vekse fram der sau og geit har helde til i uminnelege tider.

Jan BrekkeOg lenger ute, i Instefjorden, blir laksen og auren og kveita pakka for kundar i inn- og utland. Slakteriet har gått den same smale vegen mellom skiftande tider og ulike eigarar, til i dag å vere eit levedyktig motstykke til ein sentralisert slakteristruktur med nokre få store anlegg. Som eit av tre slakteri i Sogn og Fjordane, helde dei fram takka vere aktive lokale eigarar både i eiga verksemd og hos fiskeprodusentane.

Om du trur at distrikta er i ferd meg å gå tapt, og at dei blir stebarn i sentraliseringsretta storkommunar, skal du ta ein tur hit og sjå at hardt arbeid går aldri ut på dato. Det løner seg å vere litande. Og du kan spørje ordføraren på nordsida, i industristaden Høyanger, om han er viljug til å avstå desse få hundre menneska på sørsida utan kamp. Svaret er å lese i kommunen sine skatteinntekter. Og i oppmøtet av unge og eldre då Osland Settefisk opna sitt nye anlegg. Kaka er oppeten, men der kjem alltid ein ny fest å vere med på, for den som tek turen til ytre Sogn.

Tekst: Øyvind Kråkås

Foto: Trine Forsland, iLaks/ Jan Egil Nygard

Les og:

Bygda som blenkjer av laks og av lettmetall

Osland investerer i Østerbø Maskin