Søk i arkivet

Aktuelt

Nytt styre med ei endring

StyretFredag 13. mai heldt Salmon Group generalforsamling ved Solstrand Hotel, og for første gong vart ein representant utanfor eigarane valt inn i styret.

Tidlegare ordførar på Stord, Liv Kari Eskeland (Høgre), kom inn som styremedlem og nestleiar i nettverket. Ho vil tilføre mykje kunnskap og erfaring frå eksisterande og tidlegare verv både i næringsliv og politikk. Eskeland er utdanna sivilarkitekt.

Erik Jarle Osland vart attvald som styreleiar, eit verv han har hatt sidan 2013. Vibecke Bondø vart attvald som styremedlem. Elin Tveit Sveen og Erlend Haugarvoll var ikkje på val. Aksel Olsen går ut av styret etter mange års trufast innsats, Salmon Group er takksame for arbeidet han har lagt ned for grupperinga.

Tom Jarle Bjørkly og Roald Vold er vara til styret.

Tekst: Øyvind Kråkås