Søk i arkivet

Startar bygginga av algefarm

CO2BIO logoUniversitetet i Bergen startar no bygginga av pilotanlegget for algeproduksjon i samarbeid med CO2BIO AS. Anlegget skal produsere mikroalgar, med sikte på å utvinne viktige feittsyrer til fiskefôr. 

Pilotanlegget skal ligge ved Teknologisenteret på Mongstad (TCM), og er eit resultat av godt samarbeid mellom Universitetet, sjømatnæringa, staten, kommunar og fylkeskommunar. For ikkje å gløymde Nordhordland Handverk- og Industrilag, der dagleg leiar Svein M. Nordvik har synt ein utrøytteleg kapasitet til å drive fram arbeidet mot eit testanlegg.

Technology Centre MongstadI første omgang vil det nye anlegget starte med eit samla volum på rundt 4000 liter. Pilotanlegget vil bestå av to bygg på til saman rundt 350 kvadratmeter, eit drivhus med utstyr for produksjon av biomasse og eit driftsbygg med laboratorium og anna naudsynt prosessutstyr.

Totalbudsjettet er på rundt 18 millionar kroner. Universitetet i Bergen bidrar med 6 millionar kroner, medan seks millionar er løyvd over statsbudsjettet. I tillegg bidrar havbruksnæringa med tre millionar, Hordaland fylkeskommune med to millionar og regionskommunane med ein million kroner.

Les meir om CO2BIO

Tekst: Øyvind Kråkås