Søk i arkivet

Nesfossen Smolt vart Årets bedrift

Øyvind HolsenEin glad Øyvind Holsen heldt takketalen då Nesfossen Smolt seint torsdag kveld blei kåra til Årets Bedrift i Nordhordland i 2015.

– Eg vil gjerne få dela denne prisen med dei tilsette. Me har åtte faste, og eit par årsverk innleigd i spesielt hektiske periodar. Dei er utruleg dyktige og gjer ein formidabel jobb, sa Holsen, som er rådgjevar og salsansvarleg i Nesfossen Smolt. Han eig og ein tredel av selskapet. Det same gjer dagleg leiar Ronald Marøy.

Det er no meir enn 30 år sidan Holsen og broren starta med oppdrett av smolt på Nesfossen. I takketalen trekte han parallellar til oppdrettspionerar i Nordhordland som for meir enn 50 år sidan starta med fiskeoppdrett i kar i fjøsen.

VINNARAR: Vasile Porime (t.v.), Børge Isdal, Rune Hosøy, Ronald Marøy, Evelyn Sture, Øyvind Holsen, Ivar Holsen, Christine Hagenes og Solveig Sophie Hagenes.

VINNARAR: Vasile Porime (t.v.), Børge Isdal, Rune Hosøy, Ronald Marøy, Evelyn Sture, Øyvind Holsen, Ivar Holsen, Christine Hagenes og Solveig Sophie Hagenes.

Han takka og viktige støttespelarar og mentorar som har hjelpt han personleg under oppbygginga av selskapet, som først heitte Lindås Fiskeoppdrett: Harald Zachariassen, smoltpionéren frå Radøy som delte kunnskap med han, fagmannen Gunnar Nevdal som sat i styret og Nesfossen-naboane Bergljot og Karl Nesfossen – som tok særs godt mot verksemda då dei i si tid etablerte seg som einaste nabo til ekteparet.

Kjelde: Avisa Strilen