Søk i arkivet

Gla’laks vart Norgesmeister

Thomas FenneUnder NM-sprinten på Dombås fredag 1. april, gjekk Team Gla’laks løpar Thomas Fenne frå Voss eit fantastisk godt løp og vann klasse menn senior.

Det var 126 løparar som stilte til start, og Thomas slo alle, inkludert landslagsløparar som Emil Helge Svendsen og Tarjei Bø.

Salmon Group vil gratulere Thomas og heile Team Gla’laks med prestasjonen, og uttrykke stor glede over kva teamet har levert i vårt første år som samarbeidspartnarar.

Sponsorane for Team Gla’laks består av ei gruppe med 8 ulike bedrifter frå oppdrettsnæringa. Desse sponsorane støttar skiskyttarane frå Hordaland og Vik.

Team Gla'laksTotalt 45 junior -og seniorløparar trenar saman i Team Gla’laks og alle har eit felles mål om å bli så gode som mogeleg i denne tøffe idretten. I teamet finn du breidde og topp, kretsmeistrar og noregsmeistrar og  utøvarar som vil koma til VM og OL ein gong i framtida.

Les meir om Team Gla’laks

Tekst: Øyvind Kråkås