Søk i arkivet

Åtvara mot auka kostnader

Per SævikSkipsreiar og verftseigar Per Sævik føler motgangen i oljenæringa på kroppen. No åtvarar han havbruksnæringa mot å la kostnadsnivået ete på seg.

Under Maritim Forening si fagsamling i Loen, snakka shipping-nestoren frå Fosnavåg om notid og framtid for kystnæringane. Han peikte på korleis oljebransjen har opplevd ein galopperande kostnadsvekst og auka krav til dokumentasjon, og meinte laksenæringa skal vere observante på at dette kan innhente også denne bransjen.

Per Sævik heldt og fram at konsolidering i kystnæringane vil få store konsekvensar for distrikta, og at samling i store og sentralstyrte konsern vil gå ut over arbeidsplassar og verdiskaping for mange bygder.

Tekst: Øyvind Kråkås