Søk i arkivet

Vil ikkje leve med PD

Michael og Nils IngeSjølv om det økonomisk sett lar seg forsvare å drive med førekomstar av PD, held Michael Niesar og Sulefisk prinsippet heilagt om at fisken skal vere frisk. -Når det kjem utbrot, ser eg at fisken slit, og eg slit med den, seier han til Kyst.no.

Sulefisk sine lokalitetar i Solund ligg i eit område nokre definerer som «PD-land» og selskapet har såleis rikeleg erfaring med sjukdomen. Dette på trass av at dei har vaksinert mot PD sidan vaksina blei introdusert.

– Vi gjere det vi kan for å førebygge. No vaksinerer vi med den nye sju-komponent vaksina, og det ser foreløpig bra ut. Forhåpentlegvis er effekten betre med denne i forhold til den gamle, seier dagleg leiar ved Sulefisk, Michael Niesar.

– Slik eg ser det er det miljø, handtering og fôret som påverkar laksen mest. Når ein fjernar dei marine ingrediensane og erstattar dei med plantar, kan det innebære ein kostnad for fisken. I fôret kan det ligge komponentar som i det lange løp stressar fisken og gjere den meir utsett for sjukdom, seier han.

Sulefisks lokalitet Kvernhusvik i 2015. Foto: Sulefisk

Kor store tap utbrota innebære for Sulefisk og andre som vert råka,  påpeikar han at er svært variabelt.

– Vi kan ha alt frå 1-2 prosent dødelegheit til opptil 20 prosent med handtering, når andre utfordringar slår til samtidig. Vi har sett at det har blitt nokre stygge episodar når ein må behandle mot lakselus på PD-sjuk fisk. Når det kjem utbrot, gjeld det å ikkje handtere fisken, redusere fôringa og gje han ro og fred til han kjem seg.

Kor vanskeleg er det å bli kvitt PD?

– Det varierer, men på ein skala frå ein til ti vil eg seie rundt sju til åtte. Vi kan leve med det, men ynskjer ikkje å ha sjukdom på fisken vår. Når det kjem utbrot, ser eg at fisken slit, og eg slit med den.

Les heile artikkelen på Kyst.no