Salmon Group ynskjer å oppheve PD-forskrifta

Salmon-Group-Main-Logo“Oppretting av store PD-soner med påfølgande krav om felles brakklegging har ført til at små aktørar har fått alle lokaliteter innafor ei slik sone. Stamping out har ført til at selskap har risikert og måtta destruera ein heil generasjon med fisk med påfølgande store konsekvensar med stopp i produksjonen, som igjen rammer lokale arbeidsplassar på lokalitetar, slakteri, kassefabrikk, oljefabrikk osv.” Les heile innspelet til vidare PD-handtering her:

Innspel til «Alternative måter å regulere PD i Norge»

Oddrettsnæringa er invitert til å komme med innspel til Mattilsynet innan 01.01.2016 på alternative måter å regulere PD i Norge. Salmon Group ser positivt på invitasjonen og ynskjer og gje våre innspel til arbeidet.

Salmon Group er eit nettverkselskap for små og mellomstore lokaleigde oppdrettselskap. Nettverket representerer 117 matfiskkonsesjonar og 55 millionar settefisk. For meir info sjå: http://salmongroup.no/

Første registrering av PD i Norge var i 1984 og med mange utbrudd og store tap i 1990-åra blei det innført soneforskrift i 2007. I dag er det påvist både SAV 3 og

SAV 2, og PD er registrert på mange lokalitetar både på Vestlandet og i Midt-Norge.

Innføring av soneforskrifter klarte ikkje å stoppe PD ved Hustadvika, men utvikling av meir effektiv PD vaksine, og mange førebyggande tiltak, der oppdrettarane i samarbeid har sett i verk mange kostbare tiltak har gjort PD til ein mindre alvorleg sjukdom i dag enn kva den var på 1990-talet.

PD er karakterisert bl.a. av Veterinærinstituttet som ein infeksjonsbetinga produksjonssjukdom, og PD er eit problem knytta til effektivitet og lønsemd i oppdrettsproduksjonen, altså er risikoen knytta til PD i første rekke av rein økonomisk art (høgare produksjonskostnader og noko mindre sjømatproduksjon).

Salmon Group meiner at det etter over 20 år med PD, som ein langs store deler av kysten har lært seg til å leva med bør tenke “kost-nytte” når ein no skal gjera endringar, og at det bør leggast meir vekt på alle dei førebyggande tiltaka næringa i dag har innført, eller kan innføra for å unngå smitte/redusera utbrot.

Næringa har i dag kome langt med tiltak som:

• Vaksinering mot PD (som gir flokkimmunitet)

• Eigne brønnbåtar til smolt

• Lukka transport,

• Betre/større brønnbåtkapasitet

• Månadleg prøvetaking for tidleg å påvisa smitte

• Fokus på høge/lave virusverdiar i høve til tiltak

• Felles oppdatering av alle aktørar innafor fiskehelsenettverk

• Felles brakklegging

• Driftsmønster (smittevern mellom lokalitetar)

Dette er viktige tiltak kor vi må ha fokus for å bli enda betre. Graden av tiltak vil variera med status i området.

I dag er den økonomiske konsekvensen ved å bli pålagt krav knytta til ei PD forskrift der oppdrettar må ta kostnad med brakklegging innafor ei PD sone, pålagt stamping out osv, langt meir alvorleg enn kostnad til å handtere sjølve sjukdommen.

Desse konsekvensane er spesielt alvorlege for mindre lokale aktørar som har lokalisert sin produksjon på få lokaliteter i eit lite geografisk område.

Oppretting av store PD-soner med påfølgande krav om felles brakklegging har ført til at små aktørar har fått alle lokaliteter innafor ei slik sone. Stamping out har ført til at selskap har risikert og måtta destruera ein heil generasjon med fisk med påfølgande store konsekvensar med stopp i produksjonen, som igjen rammer lokale arbeidsplassar på lokalitetar, slakteri, kassefabrikk, oljefabrikk osv.

Salmon Group meiner det er viktig og riktig at næringa regulerer dette sjølv, dvs ei regulering utan offentlege tiltak.

Vårt innspel er difor alternativ 2. «PD skal ikke lenger reguleres med offentlige tiltak»

Med venleg helsing

Salmon Group AS

Nils Inge Hitland