Søk i arkivet

Aktuelt

Salmon Blog: Ein dag i sola

Per SandbergDei fleste lærer tidleg i ungdomen at ein bør bli kjend med nokon som alltid samlar mykje folk rundt seg. I so måte er eg glad for at eg no har vorte introdusert for Per Sandberg.

Tre veker etter at Per Sandberg vart presentert som ny fiskeriminister, har reisa hans gått frå solsengene på Gran Canaria til vinterkalde Øygarden. Som 40.000 andre gjester kvart år, besøkte han eit av havbruksnæringa sine visningsanlegg. Og med seg på slep hadde han eit samla mediekorps.

Interessa var eineståande. Det vil seie, utanlandske media kjem ofte i hopetal for å vitje visningsanlegga, men for norsk presse er dette vanlegvis for perifert. Kven orkar å høyre om korleis ein av Noregs fremste eksportartiklar blir produsert? Nei, snu heller kamera mot priskrig på kålrabi.

Sandberg og BlomMen Per Sandberg er ein mediemagnet. Tilgjengeleg og kjapp i replikken. Som ein måseflokk fylgde journalistane den nye statsråden rundt på merdane. So tett var markeringa at når nokre ville filme ein sekvens der han og dagleg leiar ved Blom Fiskeoppdrett, Øyvind Blom, skulle gå i reflektert passiar rundt på anlegget, måtte dette arrangerast med skarpe instruksar om at andre måtte halde seg unna. Om leppefisken henge like tett på laksen som media heng på Sandberg, har ein verkeleg lukkast.

Og Sandberg hadde lese meir enn berre julehefte sidan han vart statsråd. Med god kunnskap og tydelege signal snakka han med vertskapet og frammøtte politikarar om produksjonsområde, vekst og arealtilgang. Godt flankert av sine medhjelparar i departementet, bidrog Sandberg til ein konstruktiv og interessant diskusjon i ein halvtime som vart so lang at dei turnèansvarlege vart tydeleg stressa.

I Salmon Group er vi stolte av Blom Fiskeoppdrett og andre visningsanlegg som er klar til å ta i mot slike delegasjonar og gje dei ei skikkeleg innføring i produksjonen. Fortreffeleg lunsj var der og å få, og transporten med ein av selskapet sine nye arbeidsbåtar var på høgde med det beste. Skjønt, med ei handfull kuldegrader ute valde dei fleste å stå tettare i styrehuset enn laksen ligg i kassane, framfor å nyte soldekket.

Sandberg 2Per Sandberg leverte ein god introduksjon for seg sjølv. Han var interessert i både å lytte og snakke, og han ga til kjenne klare ambisjonar for næringa. Media på si side var mindre opptekne av produksjon og reguleringar, og meir ute etter å setje statsråden fast i det nye pensumet. Om det så skulle skje ved hjelp av teikningar av ulike fiskeslag. Men også der klarte Sandberg seg rimeleg godt, for ja, det heiter «hyse», ikkje «kolje», her på kysten.

Vi vil takke statsråden og fylgjet hans for eit godt besøk, og vi vil takke media for den forsterka interessa for å kome seg ut på oppdrettsanlegg. De er alle hjarteleg velkomne tilbake. Vi kan ikkje garantere like godt vær kvar gong. Men vi garanterer for fagkunnskapen og gjestfridomen.

Tekst og foto: Øyvind Kråkås