Søk i arkivet

Aktuelt

OBS, NY DATO: Marint Vekstforum vil syne fram Måløy

Fiskeribyen Måløy har vorte litt gløymd dei siste åra, og det ynskjer Marint Vekstforum å bøte på. 10. mars inviterer vi på ekskursjon til nokre av bedriftene i næringa.

Coast Seafood er ei av dei største suksesshistoriene i norsk fiskeeksport, Selstad har vakse seg store på nøter og utstyr, og Nergård opnar ny produksjon i ein bransje der ein lenge berre har snakka om nedlegging og færre anlegg. Dette skulle vere interessant for dei fleste med eit engasjement for marin næring. Dessutan vil vi besøkje Måløy Vidaregåande Skule, som er plassen for marin og maritim utdanning i fylket.

Turen er lagt opp slik at ein kan kome med ekspressbåten frå Bergen om morgonen. Det vert og lagt opp til felles middag om kvelden, so ein oppmodar tilreisande om å bli over til neste dag. Mykje godt kan kome ut av ein prat ilag i seine kveldstimar. Dei lokale verksemdene vil vere verstskap og bli med under middagen.

Marint VekstforumVi håpar mange er interesserte i å bli med og få ei oppdatering på kva som skjer i fiskenæringane i Måløy. Vi vil kome med detaljert program til dei påmelde.

Pris; Bedriftsbesøk og middag: 895;-

Reise og overnatting ordnar folk sjølve.

Påmelding til Roy Sævik; Tlf: 982 44 884 roy.saevik@gmail.com

eller Øyvind Kråkås; tlf: 902 88 064 oyvind@salmongroup.no

Hotell i Måløy: http://www.maloyhotell.no/