Søk i arkivet

Fagbrevkurs for tilsette

EidesvikEtter stor suksess i Sogn og Fjordane, arrangerer Salmon Group no fagbrevkurs for tilsette i samarbeid med Folkeuniversitetet og Fusa VGS, med samlingar i Hordaland.

Kurset føregår dels nettbasert, og med nokre fysiske samlingar. Desse vil bli på Fusa VGS. Målet er at tilsette med arbeidserfaring på merdkanten skal kunne gå opp til fagprøve.

Då Salmon Group tilbaud tilsvarande kurs med samlingar i Førde i 2014, vart det svært godt motteke. Dei som melde seg på var svært motiverte, og alle besto eksamen på teoridelen. Med dette var dei klar til å gå opp til praktisk fagprøve, så sant dei hadde nok arbeidserfaring.

Påmeldingsfristen til årets kurs er 29. januar.

Øyvind Kråkås, Salmon Group