Søk i arkivet

Saman om sterkare kontroll

IK1Korleis sikre god internkontroll og god rapportering til styresmaktene? Salmon Group heldt sist veke kurs i internkontroll saman med Mattilsynet og Fiskeridirektoratet.

Dette er andre gongen nettverket arrangerer eit slikt kurs, første gongen var det i Lofoten, denne gongen i Bergen. Over to dagar sat driftspersonell saman med styresmaktene for å få eit godt grunnlag for arbeidet ute i verksemdene.

67 tilsette frå 22 ulike havbruksbedrifter deltok på kurset, som tok føre seg emne som risikovurdering, krav til lusebekjemping og gjennomføring av tilsyn. Der vart og tid til ein gjennomgang av Salmon Group sitt nyutvikla kvalitetssystem; SG Systems.

IK3Salmon Group vil gratulere deltakarar og føredraghaldarar med eit godt gjennomført kurs! Takk til Mattilsynet og Fiskeridirektoratet for eit godt samarbeid.

 

IK4Tekst: Solveig Willis/Øyvind Kråkås

Foto: Solveig Willis