Søk i arkivet

Aktuelt

Kviterussland vurderar opning for 11 slakteri

Trailer på veg frå Lofoten SjøprodukterKviterussiske styresmakter opnar for at ytterlegare 11 slakteri kan bli godkjende for eksport til landet.

I oktober var inspektørar frå Den eurasiske økonomiske unionen i Noreg for å inspisere verksemder for eksport til Kviterussland. Resultatet frå inspeksjonane var at seks bedrifter vart godkjende; Marine Harvest, Brødrene Sperres Vikomar, Lerøys Sjøtroll Havbruk avd. Brandasund, Firda Seafoods Martin E. Birkenes Eftf, Salmar og Slakteriet AS.

Mattilsynet har motteke den offisielle inspeksjonsrapporten. Den er på russisk og til oversetjing. Allereie no er det imidlertid klart at det opnast for at ytterlegare 11 verksemder kan få same godkjenning dersom avvik funne under inspeksjonane vert lukka og meldt til kviterussiske styresmakter.

Norsk fisk kan eksporterast til Russland dersom han går gjennom foredling i Kviterussland. Dette har gjort landet til eit viktig eksportland for Noreg.

Les saka på Mattilsynet sine sider

Tekst: Øyvind Kråkås