Søk i arkivet

-Dette blir spennande!

Ecomerden2Salmon Group er positive til den nye ordninga med utviklingskonsesjonar. Ein håpar at dette skal bli ei god handsrekning for driftige innovatørar.

-Vi har etterlyst ei slik ordning tidlegare, og føler at vi no har blitt høyrde, seier informasjonsansvarleg Øyvind Kråkås.

Nettverket fekk hand om tre av dei grøne konsesjonane i gruppe C, kategorien med dei strengaste miljøkrava. Desse prosjekta er sovidt komne i drift, då den endelege ankehandsaminga først var avslutta i september i år.

-Dei grøne konsesjonane bygde og på tanken om å stimulere til teknologiutvikling, men tildelinga vart for komplisert. For mange og uklåre kriterie låg til grunn. Dessutan vart dei lanserte som ein produksjonsvekst, noko som sette dei i ein feil kontekst, seier Kråkås.

Salmon Group sine aksjonærar er i dag primus motor for utviklinga av luselaseren frå Stingray, fleire typar lukka anlegg og avlusing med andre ikkje-medikamentelle metodar. No håpar ein at fleire skal få teke i bruk godt prosjekterte idear.

-Vi veit at mange sit med spennande planar for ny teknlogi, vi kjem til å oppmode dei til å søkje utviklingskonsesjonar.

Les og:

Endeleg grønt!

Ecomerden er på plass

Marø og Karstensen satser på laser