Søk i arkivet

-Ver offensive, sett av areal for utvikling

HardangefjordenSalmon Group vil oppmode Hordaland Fylkeskommune om å ta ein offensiv rolle i utviklinga av havbruksnæringa i regionen. Ein bør sikre areal både for vekst i lakseoppdrett og andre artar. Kystsonen vil bli viktig dyrkingsareal for fleire artar ein dei vi nyttar han til i dag, og vår evne til å utvikle kystnæringane vil vere avgjerande for busetnaden langs kysten.

Dette er konklusjonen i Salmon Group si høyringsuttale til regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger:

Våre merknader til framlegget:

Salmon Group stiller seg bak intensjonen med regional kystsoneplanlegging. Aktivitet i kystsonen er viktig på tvers av kommunegrenser, og regulering og interaksjon mellom verksemder og næringar tilseier at kystsonen må planleggast i eit heilskapleg perspektiv.

Vi har nokre innspel til planen sin den no er utforma:

– Omsynssonene vil vere utfordrande for fleire av samfunna som vert omfatta. Framleis klarar mange lokalt baserte havbruksselskap å halde god drift innafor sitt geografiske nærområde. Det er viktig at desse får halde fram med å drive og utvikle sine anlegg. Med dei omsynssonene som her er føreslegne, vil der bli lagt sterke band på korleis desse kan få utvikle seg. Vi vil difor tilrå at ein unngår å nytte seg av omsynssoner i planen.

– Planen legg for lite vekt på utviklingspotensialet innafor dagens havbruksnæring. Teknologi som havmerdar er i realiteten ikkje ein del av kystsoneproblematikken, og bør ikkje vedkome dette arbeidet. Der vil venteleg skje teknologiendringar innanfor dagens driftsformer, og ein må legge ein arealplan som vil tillate tilpassingar for eksisterande anlegg.

– Dyrking av fleire marine artar er på veg til å bli industrialisert. Til dømes vil taredyrking krevje at større område blir regulert til akvakultur enn det vi ser i dagens arealplanar.

Havbruksnæringa sin verdi for regionen

Langoylaks1Regionen Sunnhordland og Ytre Hardanger er ein levande kystregion, med eit mangfald av bedrifter innanfor kystnæringane havbruk og fiskeri. Verdiskaping, sysselsetjing og busetnad er basert på at desse bedriftene får leve og utvikle seg, og at nye får kome til.

Lakseoppdrett er i dag ei av dei sentrale næringane i regionen, og gjennom gründerskap og arbeidsvilje har ein klart å oppretthalde eit mangfald av aktørar. Dette har ført til at store delar av verdiane frå lakseproduksjonen ligg att lokalt. Samfunn som Møkster i Austevoll kommune er døme på at laksen har skapt grunnlag for framleis busetnad. Havbruket sysselset menneske, og havbrukarane er med og skaper aktivitet og anna næringsliv i øysamfunnet.

Havbrukarane sine konkurransevilkår handlar mykje om evna til å produsere sunt og effektivt, og å ha økonomi til å fylgje den teknologiske utviklinga. På arealsida må ein rekne med å vere i konkurranse med andre brukarar og andre interesser. Men ein må og kunne basere seg på at områda som er regulerte til havbruk er tilgjengelege for å ta i bruk ny teknologi eller utvidingar av anlegg.

Gjennom føreslegne marine verneområde og avgrensingar i regional kystsoneplan, fryktar ein at næringa i regionen vil kome negativt ut i arbeidet med å utvikle seg vidare. Fornying av anlegg og driftsformer vil møte for mange hinder, og aktiviteten i området vil bli hemma til fordel for konkurrerande selskap og regionar.

GlalaksFor samfunna der dei lokale selskapa held til, vil ein merke dette i form av minke i sysselsetjing og bortfall av verdiskaping. I ytste fall kan dette truge busetnad og tenestetilbodet til innbyggjarane. Dette vil og forringe kvaliteten desse områda har for fritidsbruk.

Salmon Group vil oppmode Hordaland Fylkeskommune om å ta ein offensiv rolle i utviklinga av havbruksnæringa i regionen. Ein bør sikre areal både for vekst i lakseoppdrett og andre artar. Kystsonen vil bli viktig dyrkingsareal for fleire artar ein dei vi nyttar han til i dag, og vår evne til å utvikle kystnæringane vil vere avgjerande for busetnaden langs kysten.

 

Salmon Group AS

v/ Informasjonsansvarleg

Øyvind Kråkås