Søk i arkivet

Treng hovuda og hendene

Frank Bakke-Jensen«Er der for mange små selskap i norsk lakseoppdrett?» Dette var eit spørsmål som kom opp til debatt under Sustainable Growth Summit i Bergen denne veka.

Stortingsrepresentant Frank Bakke-Jensen (Høgre) svarte nei med eit tydeleg ettertrykk. «Ein har aldri løyst utfordringar betre ved å redusere talet på hovud som arbeider med dei, presiserte han. På denne måten understreka han og Salmon Group sitt poeng med at mangfald er ein viktig ressurs for norsk havbruksnæring.

Også konsernsjef Alf-Helge Aarskog i Marine Harvest svarte at han ynskjer ei breidde av aktørar i næringa, men han føydde til at han trur på ein vidare trend med færre og større aktørar.

Tekst: Øyvind Kråkås