Søk i arkivet

Lusa har enno nokre løyndomar vi må avdekke

Michael og Nils IngeDiskusjonen om luseforskrifta, resistens og avvikande påslag på villfisk og oppdrettsfisk, syner at der framleis er mykje som må avklarast i arbeidet mot lakselus.

-Vi åtvara mot at 0,5 som maksgrense ville vere resistensdrivande allereie då ho vart innført. Dette var ikkje ei teoretisk modellering frå vår side, men ei avveging av kva som var å forvente i praksis. Vi såg at der ville kome ei auke i talet på behandlingar, med resistens og auka dødelegheit på fisken som resultat. Alternativet har jo vore ei storstilt utslakting av altfor liten fisk, seier Nils Inge Hitland, dagleg leiar i Salmon Group og styreleiar i Vossolauget.

Hitland meiner det er ting som tyder på at der er fleire faktorar enn mengde lus i anlegga og plassering i kyststraumen som avgjere kor sterke påslaga blir.

Vossosmolt-Ein ser no at faktorar som temperatur, salinitet og straum kan vere medverkande til når lusa festar seg til ein vert. Å oppnå meir kunnskap om dette vil vere nyttig, enn seie avgjerande for vår evne til å handtere lusa som utfordring både for oppdrettsfisk og villfisk, seier han.

Det blir i dag brukt enorme ressursar både gjennom privat FoU og offentlege forskingsmidlar for å finne vegen rundt dei tidvis store luseproblema i laksenæringa. Salmon Group meiner at det er viktig at ein angripe desse problemstillingane opent og konstruktivt.

-Vi håpar at dei sterke kunnskapsmiljøa, som HI og Veterinærinstituttet, vil vere med og snu alle steinar i dette arbeidet, også dei som ein hittil ikkje har rekna som viktige. Den gjeldande strategien som ein har gjennom luseforskrifta, har ikkje vore effektiv nok, og har ført med seg for store biverknader. Vi kan ikkje halde fram med å kjempe mot eitt problem ved å skape fleire nye, seier Nils Inge Hitland.

Tekst. Øyvind Kråkås