Søk i arkivet

Fryktar for framtida til Møkster

Langoylaks1Karsten Inge Møkster fryktar for framtida både for Langøylaks og Møkster-samfunnet dersom dei føreslegne omsynssonane i den regionale kystsoneplanen vert vedtekne.

 

I bedrifta si høyringsuttale til regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger heiter det:

 

I Austevoll er det forslag om etablering av 2 omsynsoner, ei i nord omsynssone 1 Marsteinen-Skorpo og omsynssone 2 Møkster-Skoltafjorden-Fugløya. Fylkeskommunen har definert omsynssone som viktig område for landskap, natur, friluftsliv og kulturminne. I desse områda vert det lagt føringar for akvakultur og andre tyngre tekniske inngrep. For Møkster, Litlekalsøy, Hevrøy, Storekalsøy og Nordre del av Hundvåkøy gjev omsynsona store begrensningar på bruken av sjøområdet, strandlinja og på land. Dette vil føre til at det ikkje vil vera mulig å starta ny næringsverksemd i desse områda. I alle desse småsamfunna er bruken av landområdet, strandsona og sjøområdet rundt sjølve fundamentet for busetnad og aktivitet. Vi kan ikkje sjå at det ligg i mandatet til fylkeskommunen å ta livsgrunnlaget frå desse samfunna.

 I 1979 og 1980 vart Møksterlaks AS og Langøylaks AS etablert på Møkster. Lokalitetane som vart nytta låg begge i det området som i planen er foreslått som omsynssone 2 i Austevoll. Dei to selskapa skapa grunnlag for eit lakseslakteri med 15 ansatte på Møkster. Slakteriet gjekk dessverre konkurs på midten av 90 talet, men er no i sommar overtatt av 106 aksjonærar frå Møkster og med tilknyting til øya. Planane for drift går både på fisketurisme og marin verdiskapning. Omsynssone 2 er den marine åkeren vår. Det er her framtida vår ligg. Det er stort potensiale for både oppdrett av laks og nye arter som kommer, som for eksempel tang, tare, tunikater, skjell, skaldyr osv.

For Salmon Group: Øyvind Kråkås

Foto: Coast Seafood