Søk i arkivet

Følg med på Team Gla’laks, skiskyttarteamet frå fjord-Noreg

Team Gla'laksTeam Gla’laks er skiskyttarteamet frå fjord-Noreg Yst ute i havgapet finn du hardføre Vestlendingar som taklar idretten som krev fysisk kapasitet i skiløypa og stoisk ro på skytebanen. Heile 13 medaljevinnarar frå Hordaland og Vik har vunne OL eller VM medalje i skiskyting.

Er det det tøffe været som har forma dei til skiskyttarar, eller er det sunne kostholdet?

I dei same fjordane som skiskyttarane vert forma, finn du fleire medaljevinnarar. Dei starta i det små, nett som skiskyttarane, men bygde opp både kompetanse og kapasitet. Og etter fleire år med slit trefte dei blink. Oppdrettsnæringa langs norskekysten er verdsmeistrar i si næring. Dei leverar kvar dag, året rundt, verdas beste laks.

Kva er då vel meir naturleg enn at skiskyttarane og laksenæringa har funne kvarandre?

Team Gla’laks består av 8 viktige bedrifter frå oppdrettsnæringa, som sponsar skiskyttarane frå Hordaland og Vik. 45 junior og seniorløparar trenar saman, og har eit felles mål om å bli så gode som kvar og ein kan. I teamet finn du bredde og topp. Både kretsmeistrar og noregsmeistrar, og vi har utøvarar som vil til VM ein gong i framtida.

13 medaljevinnarar har gjort det før, og fleire skal det bli. Team Gla’laks er skiskyttarteamet frå fjord-Noreg.

Les meir om Team Gla’laks på deira eigne heimesider

Les og: Team Gla’laks lansert på Hardanger Akvasenter