Søk i arkivet

FAO ventar vekst i norsk lakseproduksjon

Taiwan3I sitt “Food Outlook” spår FAO, FNs organisasjon for ernæring, landbruk, skogbruk og fiskeri, ein vekst i norsk lakseproduksjon frå 2015 til 2016.

Organisasjonen opererer med status quo på 1.250.ooo tonn i 2015 frå 2014. Men det neste året spår ein vekst til 1.310.000 tonn norsk laks produsert.

For Chile er estimata for 2015/2016 600.000/630.000 tonn, UK 170.000/170.000 og Canada 135.000/140.000.

Prisane blir spådde å halde seg godt, trass nedgang i etterspurnaden i Russland og Brasil. FAO ventar auka etterspurnad etter laks i EU og USA, samt enkelte land i Asia, som til dømes Japan, Kina, Korea og Thailand.

Kjelde: Norsk Fiskerinæring, Erik Hempel

For Salmon Group: Øyvind Kråkås