Søk i arkivet

Ventar enno på lov til å drive grønt

Svein Eivind GiljeSalmon Group-oppdrettarane Engesund Fiskeoppdrett og Sulefisk er mellom selskapa som enno ventar på endeleg løyve til å starte med grøn produksjon.

Dei to selskapa var mellom dei som fekk tildelt grøne konsesjonar i gruppe C, også kalla “mørkegrøne”. Her vart dei strengaste krava lagt til grunn med omsyn til lus. Tildeinga skjedde i juni 2014, men over eit år etterpå pågår ankehandsamlinga framleis i departementet. Dette fører til motløyse hos oppdrettarane, som gjerne skulle sett i gang med den nye teknologien.

– Det er svært skuffande, for det er store positive moglegheiter i desse løyvene, seier Svein Eivind Gilje, dagleg leiar i Engesund Fiskeoppdrett til Kyst.no. – Ein oppstart av den nye konsesjonen ville mellom anna gitt meir arbeidsplassar lokalt i Masfjorden der me skal starte opp, i tillegg til at teknologien ville vorte driven framover, seier Gilje.

Engesund skal nytte eit lukka anlegg i betong som hovudkomponenten i sitt grøne konsept.

– Merden har fleire fordelar, blant anna ved at det er ein lukka produksjon som tek inn vatten som vil vere fri for luselarver, og at sjølve merden er eit gjenbruksprodukt som til dømes kan brukast til flåte seinare. Fleire opplyningar om flåten kjem me attende til når konsesjonen er mottatt, seier Gilje.

Les heile saka på Kyst.no

Les fleire saker om grøne løyve

For Salmon Group: Øyvind Kråkås