Søk i arkivet

Snart klar med ein vinnar

VossosmoltDet har vore stor oppslutnad om Vosslauget og iLaks sin konkurranse om Vossosmolten. Vinnaren vil bli kunngjort og premiert under Aqua Nor.

– Vi har fått svar frå heile landet. I desse dagar vert lyttebøyene henta inn, og data tappa. I løpet av eit par dagar kan vi trekka den heldige vinnar av fiske for 2 personar i Bolstadelva laurdag 22. august. Premien vert delt ut på Ewos sin stand under Aqua Nor i Trondheim, onsdag 19. august kl 13.00. Her vert det og servert røykt Vossolaks, seier Nils Inge Hitland i Vosolauget.

– Det har vore nokre rundar med tapping av data frå lyttebøyene tidlegare i sommar, og vi ser ein tendens. Det vert spennande å sjå det endelege resultatet.

I svara vi har fått inn fordeler det seg slik:

Når passerer den første smolten Nordhordlandsbrua?

  1. 1. mai   13%
  2. 15. mai 52%
  3. 30. mai 35%

 Kor stor del av villsmolten når Nordhordlandsbrua?

  1. 30%       52%
  2. 50%       30%
  3. 70%       17%

Kor stor del av klekkerismolten når Nordhordlandsbrua?

  1. 30%       48%
  2. 50%       39%
  3. 70%       13%

– Vi kontaktar vinnaren etter trekninga, og vinnaren vert invitert til Trondheim  onsdag 19. august, seier Hitland.