Søk i arkivet

Open dag hos Sørsmolt

SørsmoltI høve sitt 60 års jubileum som fiskeoppdretter, inviterer Sørsmolt AS til open dag ved anlegget laurdag 5. september.

Frå kl. 12.00-17.00 denne dagen, vil det bli omvisning på anlegget, servering av grilla laks, røykt laks og andre rettar, kaffi og forfriskningar.  Det blir og konkurransar med flotte premiar og stands der bedrifta sine samarbeidspartnarar stiller opp og syner fram næringa.

Mellom samarbeidspartnarane er Ahlsell, Skretting, SalmoBreed, MSD og King Mikal Laks. Salmon Group stiller sjølvsagt opp.

Velkomne til ein triveleg dag ved Sørsmolt i Kjølebrønd.

Les og: Feirar 60 år med setjefiskproduksjon

Tekst: Øyvind Kråkås/Stein Helge Skjelde