Søk i arkivet

Nedgang i lakseproduksjonen

2014 vart eit merkeår for lakseproduksjonen i Sogn og Fjordane. Fylket opplevde då ein nedgang i volum frå året før.

I 2014 vart det levert 97 301 tonn laks frå produsentane i Sogn og Fjordane. Det var ein nedgang frå 102 275 tonn i 2013.

Aureproduksjonen auka frå 13 267 tonn i 2013, til 17 520 tonn i 2014. Den samla produksjonen av laksefisk i fylket gjekk dermed ned med 721 tonn.

Slakteriet Florø

 

Der er tre aktive pakkeri i Sogn og Fjordane, Slakteriet AS i Florø og Brekke, og Martin E. Birknes på Byrknesøy. Av desse er det kun sistnemnde som har opplevd ein oppgang i volumet frå 2012 til 2014. Den samla slaktinga i fylket har gått ned frå 64 400 tonn i 2012 til 63 880 tonn i 2014.

 

Dei tre pakkeria sysselset til saman 185 menneske. Nesten halvparten av fisken som blir produsert i fylket vert ført ut av fylket for slakting, først og fremst til Marine Harvest sitt pakkeri på Eggesbønes.

Tekst: Øyvind Kråkås

 

Produksjon av laksefisk i Sogn og Fjordane:

År 2010 2011 2012 2013 2014
Laks 78 220 94 793 95 554 102 275 97 301
Ørret 8 804 11 556 16 317 13 267 17 520
Sum 87 024 106 349 111 871 115 542 114 821

Sogn og Fjordane har tre slakteri:

Sted Ansatte 2012:Slaktet rundvekt i tonn 2014:Slaktet rundvekt i tonn
Slakteriet Florø 95 32 500 26 750
Slakteriet Brekke 50 12 000 11 810
ME Birknes Byrknesøy 40 19 900 25 320
  185 64 400 63 880

Produsert volum og slakta volum i 2014:

Produsert volum i 2014: Slaktet volum i S&F: Volum som føres ut av S&F for slakting:
114 821 63 880 50 941