Søk i arkivet

Besøk Engesund under Fitjarfestivalen

Under Fitjarfestivalen 6. – 9. august kan du besøke Engesund Fiskeoppdrett sitt visningssenter, og du kan kjøpe produkt av deira eigen laks.

Blant utstillarane finn de Engesund Fiskeoppdrett heilt i starten av bodgata, der dei sel eigne produkt av syltelaks, gravlaks og varmrøykt laks.

 I anledning festivalen har dei og visningar laurdag og sundag. Dersom dei faste avgongane blir fullbooka, vil dei køyre fortløpande så lenge det er folk som vil ut.

Pris per person 100,- (vanlegvis 120,-).

Billetter til visning får de i boden, og blir derifrå rettleia til båtplassen.

Faste avgangar:

Laurdag: 10.00 – 12.00 – 14.00 – 16.00

Sundag: 13.00 – 15.00

Les meir på Engesund sine nettsider

Les fleire saker om visningsanlegg