Søk i arkivet

Seks gode grunnar til god kvalitet

Langoylaks1Langøylaks AS er eit familieselskap frå Austevoll som leverer fisk av ypperste kvalitet, og satsar for framtida. I nyheitsbrevet til Coast Seafood kjem dagleg leiar Karsten Inge Møgster med oppskrifta på suksessen.

Her er Karsten Inge sine 6 faktorar for suskess:

* Gode, erfarne medarbeidarar som tar tak.

* Gode lokalitetar heilt ut mot Nordsjøen gir friskt og godt vatn.

* God smolt som er lokalprodusert i Fusa hos Femanger Laks, ein produsent Langøylaks har samarbeidd med i 20 år og som vi veit leverer kvalitet.

* Medlemskap i Salmon Group, en sammenslutning av 46 små, lokaleigde oppdrettsselskap som gjennom felles forhandlingar sikrar jevngode vilkår med dei store når det gjeld store utgiftspostar, som fôr og forsikring.

* Godt og moderne utstyr, blant anna merdar med stort volum som gir lav tettheit av laks i produksjonsfasen.

* Ikkje-medikamentell behandling av lakselus. Vi satsar på Leppefisk og Rognkjeks. Om to måneder står eit oppdrettsanlegg for Rognkjeks ferdig i Fitjar, som syv oppdrettere i Hordaland er sammen om. Det vil gjere oss sjølvforsynt med denne lusespiseren som spesielt er effektiv vinter og vår.

Les artikkel hos Coast Seafoood